Miscellaneous
Torsdag 27 august vart det arrangert sleppfest for vårt seinaste nummer på Bergen Offentlege Bibliotek. I Røyst #13 – «Bruk av land og hav» er det fleire tekstar som på ei eller anna måte omhandlar korleis vi kan få til eit berekraftig jordbruk i Noreg, til dømes «Mindre kjøtt! En rød tråd for en ny landbrukspolitikk» av Andreas Sjalg Unneland og «Markens uforløste grøde» av Kathrine Kinn. Dette var òg hovedtema for dette arrangementet, kor Marthe Hammer (SV) og Jeanette Onarheim Syversen (Raudt) deltok i ei samtale med avtroppande administrasjonssekretær og redaktør for Røyst #13, Mari Austvoll Gjengedal.