Lillegraven og Storheim

Share:

Listens: 0

Veka som var

Miscellaneous


Forfattar Ruth Lillegraven frå Granvin har vore austlending av adresse i mange år, men er for alltid gravensar, og no litt vossing, får me høyra. Ho let seg inspirera av øyeblikk, hendingar og naturen, og har både barnekrim og vaksenkrim på menyen i nær framtid. Ho les og sitt ferske dikt «Dette er andre dagar» som er skrive til Olav H. Hauge-senteret sitt prosjekt «Aleine saman».Me får og ein prat med Trude Storheim, som ikkje fekk jazza som vanleg denne palmehelga, men stelte i stand online-konsert for dei jazz-hungrige, og ikkje minst ein jazzfest etterpå. Og etter tunge dagar då jazzen vart avlyst er stå-på humøret attende, og planane klare for 2021, kan Trude fortelja. For information regarding your data privacy, visit Acast.com/privacy