Miscellaneous
Godt nyttår! Miniepisode av Politikk med mor. Bjørg har blitt fylkespolitikar og Gunhild har fått eit godt råd av Trine Skei Grande. "Politikk med mor" er ein ny podcast med Gunhild Moe som handlar om lokalpolitikk. Gunhild er på veg inn i politikken i Suldal kommune for Venstre, men ho kan ikkje så mye om politikk. Heldigvis er ho dottera til Bjørg Tysdal Moe, som er KrF-politikar og som har vore varaordførar i Stavanger i 20 år. I "Politikk med mor" skal Bjørg læra opp Gunhild til å bli lokalpolitikar, og kanskje lærer den erfarne politikaren også noko av dottera si? Politikk med Mor blir produsert av hi leo produksjonsselskap www.hileo.org